To omleggingar i retning meir revolusjonær praksis

Godt nytt og alt det der. Skal blogge om brann og snille folk, kor viktig nettverk er og at me er sosiale dyr og sånn seinere. No vil eg berre skryte av at eg har tatt to viktige steg i retning meir revolusjonær danning og praksis. *Spelar ein liten bit av Valdresmarsjen som fanfare*

1) Revolusjonær programvare

Den nye kompjuterdyret kjem rett frå Offisiell HeidersGNU og Sjefsdatakonsulent Brotulix. Difor er dyret sjølvsagt kjemisk fritt for alt svineri frå Bill Gates. Som alle veit er all programvare frå Gates utvikla av kidnappa nerdar som sit lenka i kjellaren på mulitimillondollarvillaen hans, og ikkje får anna å ete enn kokain. Og Open Kjeldekode (OK) er, som Tøgrim har lært oss, fysste steget mot eit eit stats- og klasselaust samfunn kor ein kan være fiskar om morgonen, bonde om dagen og nerd heile tida.

2) Revolusjonær målform

Den observante lesar har og fått med seg at eg no skriv på ei anna målform enn tidligare. Det kjem eg til å halda fram med. I alle fall no og då. Fordi:

  • Nynorsk kling betre enn bokmål. Eg veit at nynorskarar ikkje likar folk som seier slikt, at dei himlar med auga og brekk seg over folk som seier at “nynorsk er så fint i dikt”, men det er no ein gong sant. Dessutan likar eg ikkje nynorskarar som ikkje likar folk som seier at nynorsk kling betre enn bokmål, og er berre glad for å kunna provosera dei.
  • Solveig Aareskjold, Kjartan Fløgstad, Are Kalvø, Olaug Nilsen, Jørgen Strickert, Ingrid Fiskaa, Magnus Marsdal, Jon Fosse og Berge Furre skriv nynorsk. Mest alle smarte og kule folk skriv nynorsk. Alle skal vere like kule og smarte, elles vert det urettferdig. Eg vil i alle fall ikkje ha eit samfunn der ei målform er kulare enn den andre, berre fordi berre smarte og kule folk brukar ho. Så difor har eg tenkt å byrja å bruka henne.
  • Eg vil gjerne vere underfundig og tørvittig, og det funkar ikkje på bokmål. Det vert ikkje tørt nok, rett og slett. Ein kan væra sarkastisk og ironisk på bokmål, men ikkje tørvittig eller underfundig. (Nei. Erlend Loe er ikkje underfundig og tørvittig. Han er teit og barnsleg. Det er noko anna.)
  • Christin Clemet, Vetle Lid Larsen, Jens Stoltenberg, Ketil Rolness, Aslak Nore, Mads Larsen, Torbjørn Rød Isaksen, Trygve Hegnar, Are Slettan og Thomas Hylland Eriksen skriv bokmål. Heile Norsk Reaksjonær Dimlingklubb (NRD) skriv altså bokmål. Greit at eg ikkje er kul og smart, men eg kan i det minste slutta å skriva på målforma åt dimlingane. I alle fall innimellom. (Jon Hustad og Nils Rune Langeland skriv nynorsk. Ja, eg veit det. Nesten heile NRD, då.)

Nokre av dykk vil kan hende innvende at eg ikkje kan skriva nynorsk, og det er ei god innvending, men eg kjem ikkje til å bry meg om ho.

 

Måtte alle få eit godt år og ei fotsid taske:

Farsan

23 svar to “To omleggingar i retning meir revolusjonær praksis”

  1. Lars sier:

    Eg trur ikkje det heiter “nynorskar”, men “nynorsking”.

  2. farsan sier:

    Nynorsking, sjølvsagt! *daske seg i panna* Dæng! Drit meg ut med ein gong! Der har ein for å freista å ta etter dei kule og smarte!

  3. sungame sier:

    Ekte revolusjonære skriver ikke bokmål, de skriver samnorsk! Når du først er inne på Tøgrim: hvorfor skriver du ikke radikalt bokmål? Det er da tross alt det eneste virkelige alternativet for oss som ikke kommer fra verken Vestlandet eller vestkanten!

  4. farsan sier:

    Eg prøvde ei gong å hevda noko liknande, at “samnorsk er det mest revolusjonære”, i ein diskusjon med ein revolusjonær målmann. (Kommunist og høgnorskar) Det resulterte i to timar samanhangande, verbal juling. Etter den opplevinga vågar eg nesten ikkje skrive ordet “samnorsk”.

  5. farsan sier:

    Høgnorsking. Orsak.

  6. Avil sier:

    Åh, så fint!

  7. abre sier:

    Tøgrim skreiv vel STRENGT TATT et Språk han hadde finni opp helt sjæl!

  8. farsan sier:

    Ja. Du SIER noe.

  9. Brage sier:

    Au! Der følte jeg meg treffi! Jeg har prøvd å hevde at jeg skriver dialekta mi, men får bare pepper av både nynorskingene, høgnorskingene, samnorskingene og ikke minst riksmålsfolket!

    Høgnorskingene trenger du ikke bry deg om, altså. De er jo som regel pro-Israel og gærne i huene sine.

    For øvrig godt å ha deg tilbake.

  10. Brage sier:

    Må ellers få føye til at du jo har skjønt essensen i hva Tøggers ville. Dette må få konsekvenser!

  11. farsan sier:

    Javel? Som?

  12. isla sier:

    Oi, pass deg, Farsan! Du vet… for mye….

  13. farsan sier:

    Hæ? Jeg nei? Veit ingenting! Helt sant altså! (Ikke drep meg!)

  14. zagen sier:

    Sletta du innlegget mitt, farsan?? Er jeg ute i kulden?

  15. farsan sier:

    Ingen innlegg slettes her i gården. Når skrev du inn det?

  16. zagen sier:

    Nylig … mitt ringe poeng var at “rett og slett” knapt kan kalles god nynorsk. Bør erstattes med til dømes “beintfram”.

  17. farsan sier:

    Rett du har. Sjølvkritikk eg tar.

  18. Örn sier:

    Pá en skala fra Jon Fosse til Mads Larsen hvor Kult er det á skrive bokmál med flust av skrivefeil + en og anna ‘a og ‘rn ending?

    Enig med noen om sa at det er godt á ha deg tilbake!

  19. Avil sier:

    zagen: Det er då rett og slett ganske merkeleg å meine at “rett” og “slett”, som begge er greie, nynorske ord skal byttast ut med “beintfram”.
    Er det fordi “beintfram” inneheld to gjenkjennelege “radikale merke” (i kontrast til “bent frem”)?

  20. farsan sier:

    Hmm.. Eg fikk i alle fall beskjed om å ikkje skriva “rett og slett”då eg skreiv for Målungdommen sitt blad “Motmæle” i hine hårde. Men når du seier det; kjem ikkje på noko god grunngjeving, eigentleg. Anna enn at det høyrest betre ut, og det er jo ikkje ei grunngjeving.

    Ôrn; Rundt Frode Øverli trur eg. Og takk!

  21. sungame sier:

    Ai, ai! Pikante detaljer fra bloggerens mørke fortid!

  22. farsan sier:

    Eh.. Pikant? Ein kan seie mykje om “Motmæle”, men pikant? Neppe.

  23. isla sier:

    Hm. Fotsid taske… Jeg tenker på oioi-fuglen, og tror nok jeg takker nei.

Skriv et svar