I
“Du lætt itj mora di ta sæ tå sportsklea som du tek me dæ heim nei, gut!”
Arnt sa det med sånn røyst som berre lagkapteinar for a-laget kan få til. Eg rødma. Eg kan knapt hugse at eg har vore så full av skam nokon gong.
Eg hadde freista å væra karsleg. Væra med i garderobefellesskapet, men eg hadde altså ikkje heilt skjønt kodane. At eg ikkje kunne ta med meg draktane heim etter kamp og vaske dei, av di mor mi ikkje var heime, var absolutt ikkje morosamt. Ikkje i det heile. Sånt korkje gjer eller seier vaksne mannfolk. Det skjøna eg no.
Dei var ikkje akkurat feministar, desse karane. Ikkje eit gram sosialkonstruktivistar, men dei var vaksne mannfolk, og vaksne mannfolk har respekt for kvinnfolk. Dei veit at ein ikkje skal legga stein til børa til travle bondekoner. Sånt gjer ein ikkje. Ein vaskar sportsklea sjølv.
II
“I think your brain has gone soft from all that commedy you are playing with that young girl! Never tell anyone outside the Familiy what you are thinking again!”
Sonny Corleone får seg og ein leksjon i kva det vil seie å væra vaksen mann. Faren irettesett han framfor alle brørne hans, etter at han mista sjølvkontrollen under eit møte med narkohandlaren Sollozo.
Vaksne mannfolk driv ikkje commedy med unge jenter. Dei let det i alle fall ikkje gå ut over forretningane. Dei har kontroll. Dei hissar seg ikkje opp i lag med framandfolk.
**
Me har fått debatt om maskulinitet i Kongeriket. Ein del menn har meldt seg på, og hevda at dei kan definera kva maskulinitet er. Så vidt eg kan skjøna har dei ikkje skjønt noko av maskuliniteten det heile. Det verkar som dei har forveksla maskulinitet - dei eigenskapane som i kulturen vår vert assosierte med den vaksne, mogne mannen - med eigenskapar som høyrer heime blant framvakstringar.
Det maskuline indvidet er i deira bilde ein sjølhevdande, brautande kar, som ikkje interesserar seg for anna enn jakt og vapen, og som er ser ned på slikt som kvinnfolk driv med. Så feil kan ein ta når ein har det travelt med å slå seg på brystet og væra KAR.
Eg er oppvaksen i ei bygd kor gamle kjønsroller enno står sterkt. Ein stad kor det framleis er det sånn at det fins eit sett med dygder for kvinnfolk, og eit for mannfolk. Rett nok finst det barnehagar der, og det er lenge sidan den rigide arbeidsdelinga mellom mannfolk og kvinnfolk forsvann, men kjønsdygdene er der. “Det ska vårrå fersjæl på kar og kvinnfolk,” er noko eg har fått høyre frå både mannfolk og kvinnfolk, når eg har kome trekkande med konstruktivismen min.
Eg skal ikkje på noko vis glorifisera dette. Ikkje eit sekund. Poenget mitt med alt dette er berre at freisnadene på å få til noko slags gjenreising av maskuliniteten er ekstremt skadeleg, om dei skal ta utgangspunkt i ein Braanensk eller Sponheimsk maskulinitet - som attåt alt anna er ei feil oppfatning av kva maskulinitet er.
Maskuliniteten til karane som eg vaks opp med, og som styrar Don Vito Corleone sin kloke, machiavelliske framferd, høyrer og heime i ei anna tid. Men dei maskuline dygdene som låg til grunn for han, er i det minste dygder me treng at nokon har. Kan hende at mange har. Me treng vaksne mannfolk, av både kjøn. Mannslingar treng me ikkje. Misogyne, valdsromantiske idiotar har me nok av.
***
Kjenneteikn på mannfolk; kollektivisme, handlekraft, danning, makt (har mykje makt, men treng sjeldan nytta ho), høvisk framferd, måtehald, sjølvkontroll.
Kjenneteikn på mannslingar; individualisme, unødig vald, jåleri, brautande/sjølhevdande framferd, misogyni, hedonisme, prinsipprytteri.
Nokre døme på mannfolk: Jean Luc Picard, Malcolm X, Don Vito Corleone, Kåre Willoch, Berge Furre, Bendik Wold, Arn Magnusson, Kong Sverre, Fidel Castro, Saladdin.
Nokre døme på mannslingar: Sonny Corleone, Kong Rikard Løvehjerte, Aslak Nore, Lars Sponheim, Eminem, Osama bin Laden.